Colosseum er eit svært stort amfiteater som ligg sentralt plassert i Roma, hovudstaden i Italia. Det blei påbegynt i år 72 e.Kr, mens keisar Vespasian styrte. Keisar Titus, son av Vespasian, innvia amfiteatret i år 80, men det var ikkje heilt ferdig bygd før i år 96. Seinare har Colosseum vore gjennom restaureringar, jordskjelv, øydelegging og heilaggjering. I dag er det mest ruinar att, men hovudkonturane er framleis der, og bygningen står som eitt av fleire bevis på den storslåtte arkitekturen romarane stod for. Historikarane har laga seg mange bilete av korleis det ein gong har sett ut der, og kva som gjekk føre seg der.
Bygningen er 188 meter lang, 155 meter brei og 48 meter høg, og har ei elliptisk form. Han består av fire etasjar eller nivå, der kvar etasje har bogegangar som er 4,2 meter breie og 7,2 meter høge. Dei har søyler på kvar side, som har ulike stilar frå etasje til etasje. I alt er det 80 bogegangar på det nedste nivået, så det var greitt for folk å kome seg inn på Colosseum. Romarane hadde eit ganske avansert tribunesystem, der kvar plass hadde sitt nummer. Tilskodarane fekk veite kva for opning dei skulle bruke for å kome til plassen sin, og dette sikra at publikum kom seg raskt til plassane sine. Slik blei Colosseum ein svært effektiv og praktisk bygning, og det var også nødvendig når 55 000 tilskodarar skulle sjå på eit arrangement.
Inne på Colosseum var det ulike sitjeplassar og rader på tribunene for dei forskjellige klassane i samfunnet. Det var eigne inngangar og flotte utsiktsplassar for keisaren og andre høgareståande personar. Dei fattigare folka måtte nøye seg med dårlegare plassar og færre moglegheiter.
800px-Colosseo_-_panoramica_-_Scuba_Beer.jpg
Amfiteateret blei bygd for at folk kunne more seg med å sjå på gladiatorkampar og kampar mellom menneske og dyr. Det blei også arrangert jaktoppvisningar med eksotiske dyr og liknande former for underhaldning. Under det store plankegolvet i midten av Colosseum var det eit avansert system for å halde styr på og oppbevare dyr og menneske som skulle ut i kamp på arenaen. Romarane laga fleire etasjar nedover, med bur, trapper, lemmar, vinsjar og det meste av det som var nødvendig for å arrangere kampane. I dag kan ein sjå rester av gangane og romma der dyr og menneske blei haldne fanga.
Gladiatorkampane blei forbodne i 404, og litt seinare blei delar av Colosseum øydelagd av eit jordskjelv. Seinare gjekk det nedover med amfiteateret – dei kristne hadde lite til overs for historia til bygningen, og ville derfor ikkje vedlikehalde han. I middelalderen blei Colosseum gjort om til festning, og på 1400- og 1500-talet blei ruinane av bygningen bruka som steinbrot, der ein henta stein til andre bygningar i Roma. På 1700-talet blei Colosseum gjort til ein heilag stad, til minne om martyrane og alle som døydde i løpet av tida då Colosseum blei bruka til gladiatorkampar.
180px-Kolosseumbannen.jpg comenuovosm.jpg
TILBAKE
HJEM