Før Norge fekk sitt eige universitet i 1811, måtte nordmenn som ville studere reise til universitetet i København. Starten på Norske Selskab var på vertshuset Madam Juels Kaffehus i Læderstræde, der dei norske studentane møtte kvarandre for å dikte songar, halde konkurransar i versmakeri og diskuterte kunst og kultur. I 1774 var møtene blitt så formaliserte at dei starta ein herreklubb, og kalla den Norske Selskab. Formålet med klubben var å lage vers, underhalde og hjelpe kvarandre. Dei samla seg rundt punsjbollen på vertshuset kvar torsdag, med song, tale, diskusjon og improvisasjon. Medlemmene i Norske Selskab delte ikkje berre nasjonalitet og studentlivets gleder og sorger, dei delte også litterær smak og politiske oppfatningar. Dei var klassistar, og foretrakk tekstar komponert i faste, regelmessige former, med rim og rytme. Dei var også humoristar, ofte med kunnskap og fornuft bak humoren. Produksjonen er dokumentert i fire utgjevingar, tre bind med Poetiske Samlinger (1775, 1783 og 1793) og ein Vers-Protokol, utgjeven i 1935. Norske Selskab er svært viktig for norsk litteraturhistorie. Meir enn 250 nordmenn i Danmark var medlemmer i løpet av levetida til klubben. Kjende medlemmer av Norske Selskab var Niels Krog Bredal, Hans Bull, Johan Nordahl Brun, Niels Treschow, Johan Herman Wessel, Johan Vibe og Edvard Storm. Norske Selskab blei oppløyst i 1812. I 1817 blei ein tilsvarande klubb, Det Norske Selskab, skipa i Christiania.
I 1774 var møtene blitt så formaliserte at dei starta ein herreklubb, og kalla den Norske Selskab. Formålet med klubben var å lage vers, underhalde
Produksjonen er dokumentert i fire utgjevingar, tre bind med Poetiske Samlinger (1775, 1783 og 1793) og ein Vers-Protokol, utgjeven i 1935.
Norske Selskab er svært viktig for norsk litteraturhistorie. Meir enn 250 nordmenn i Danmark var medlemmer i løpet av levetida til klubben. Kjende medlemmer av Norske Selskab var Niels Krog Bredal, Hans Bull, Johan Nordahl Brun, Niels Treschow, Johan Herman Wessel, Johan Vibe og Edvard Storm.
Norske Selskab blei oppløyst i 1812. I 1817 blei ein tilsvarande klubb, Det Norske Selskab, skipa i Christiania.
TILBAKE
HJEM