Jean-Jacques Rousseau (1712 - 1778)

blei fødd i 1712 i Genève, Sveits og døydde 1778 i Paris, Frankrike. Han var ein viktig fransk filosof under opplysningstida og klassisismen. Synet på Jean-Jacques_Rousseau.jpgmennesket blei i overgangen til denne perioden mykje endra. I barokken, på 1600-talet, var det stort fokus på Gud, og mennesket vart sett på som ei lita brikke av Guds plan. I opplysningstida blei det større fokus på kvart enkelt individ, og mennesket blei flytta inn i sentrum. Jean-Jacques Rousseau sine tankar og idear var nokså typiske for opplysningsperioden, men han var nok kanskje litt meir kritisk enn den gjennomsnittlege opplysningsfilosofen.
Jean-Jacques Rousseau sine hovudidéar var sentrerte rundt det han kalla det opphavlege eller naturlege mennesket, og at sivilisasjonen hadde øydelagd dette mennesket. Han meinte at mennesket burde søkje tilbake til naturen, til sin eigen natur, sine kjensler og sitt samvit. I ”Samfunnspakten” skriv han ”Mennesket er fritt når det kommer til verden, men overalt lever det i trelldom”. Av naturen er mennesket godt, meinte Rousseau, men han meinte at kulturen hadde gjort at det blei tvinga til å leve eit slett liv, utan verkeleg lykke. Rousseau påpekte at når ein let seg leie av andre, vil ein finne seg sjølv kasta hit og dit, utan å bli noko klokare. Mennesket har ansvar for seg sjølv, og i seg sjølv, i sitt eige hjarte kan mennesket finne kjelder til sann moral og religion. Rousseau sette natur opp mot kultur, og sa at etter kvart som vitskap og kunst hadde utvikla seg framover var mennesket blitt slappe og forderva. Den naturlege orden var blitt meir og meir borte i det moderne samfunn, og i det moderne hadde mennesket gjeve vekk uavhengigheita si til eit fellesskap som var basert på plikt og avhengigheit.
Rousseau hadde mange motstandarar, det var mange som meinte han hadde ein for freidig tankegang. I ”lettre à d’Alembert sur les spectacles”(brev til d’Alembert om teaterforestillingar) som han skreiv i 1758 gjekk han imot teateret, han meinte det var ein forderva institusjon som ikkje fremma nokon moral og som gjøgla med folks kjensler. Dette blei bruka mot han, og han måtte leve i skjul. I denne tida medan han levde delvis eller heilt i skjul skreiv han likevel sine mest kjende verk. Romanane ”Julie ou la nouvelle Héloise”(Julie eller den nye Heloise) i 1761 og ”Émile ou de l’education”(Émile eller om oppsedinga) i 1762 og kanskje det mest kjende verket ”Confessions”(bekjenningar) som var ein sjølvbiografi som han skreiv i perioden 1781-88.
I romanen ”Émile” er fokuset lagd til barneoppseding. Han skriv her at barn utviklar seg til å bli sjølvstendige og opparbeider seg ein personleg styrke gjennom mykje fridom, og at det vil forstå livet betre ved eigne erfaringar, enn ved læring under ein autorisert person. Opplysningsfilosofane var skeptiske til dei overleverte autoritetane som samfunnet hadde, dei hadde stor tru på enkeltmenneskets uberørte fornuft. Men Rousseau meinte at naturen treng eit supplement i barneoppseding, ein lærar eller pedagog. Men læraren skal i stor grad la barnet finne ut av ting sjølv. Gjer barnet noko feil, skal ikkje læraren rette på feila, men vente til barnet kjem til eit tidspunkt då det sjølv innser feilen. Rousseau reagerte på oppsedinga av adelege born, han meinte dei fekk altfor høge krav når det gjaldt leseferdigheiter og kunnskapar. Rousseau var for at barn skulle lese, til opplysning og hygge, men litteraturen skulle vere tilpassa aldersgruppa. Romanen ”Émile” blei forbode og blei brunne, men tankane til Rousseau spreidde seg likevel utover Europa, og han fekk mange tilhengarar.
Med sine tankar og idear var Jean-Jacques Rousseau ei viktig inspirasjonskjelde for den franske revolusjonen i 1789. Ein kan seie at når det gjaldt kjensledyrkinga og sivilisasjonskritikken som Rousseau stod for, var det snakk om ein ”førromantikk” i siste halvdel av 1700-talet. Rousseau var med på å bane veg for det synet på mennesket og samfunnssystemet som blei gjeldande i romantikken.

Kjelder:
- Jansson, Kristoffersen, Krogh, Michelsen: Tema vg2 2007, s. 179-180 og 420
- Aschehoug og gyldendal: Store norske leksikon, bind 11 frå 1988.
- Gyldendal: Verdens litteraturhistorie 1720-1830, bind 4 frå 1987, s. 120-126
- Beyer, Jansen, Stangerup, Traustedt: Verdens litteraturhistorie 1750-1800, bind 6 frå1972
TILBAKE TIL OPPLYSNINGSTIDA
TILBAKE TIL FILOSOFER
HJEM