er hovudverket til den kjende barokkdiktaren Petter Dass(1647-1707). Han skildrar den storslåtte naturen og korleis det nordlandske folk lever og bur. I tittelen ligg det ei underbetyding i form av at Nordland er himmelriket og trompeta er englane sine basunar. Det er tydeleg at Petter Dass var ein sterk nordlandspatriot. Det som skil dette diktet frå andre barokkdikt, er at han byrjar diktet med å helse til vanlege folk. Diktet byrjar slik: ”Vær hilset I Nordlands bebyggende Mænd”. Det som karakteriserar dei fleste barokkdikt, er at dei byrjar med ei helsing til ein øvrigheitsperson, som for eksempel ein konge, men oftast gjekk helsinga til Gud. Ein annan forskjell frå Nordlands Trompet og andre barokkdikt, er skildringa av livet på jorda. I barokken vart jorda ofte omtala som ”jammerdalen”, den forferdelege plassen som menneska måtte leve på før dei kom til paradiset i himmelen. Petter Dass derimot beskriv Nordland som himmelriket på jord, og skil seg ut frå den klassiske barokke diktinga. Nordlands Trompet er skrive som eit dikt, men er over hundre sider langt. Sjølve utgivinga av verket kom ikkje før over tretti år etter Petter Dass døydde. Diktet vart trykt fyrste gong i København i 1739 under namnet Nordlands Trompet og same året i Bergen under namnet Nordlands Beskrivelse og undertittelen Som er Helgelands/Saltens/Lofodens/Vesteraalens/Seniens og Tromsens Fogderier/med dets Beliigende/oc hvorudi enhvers Næring og Brug bestaar, saa og Hvad slags Fugle i Luften og svemmende Dyr i Havet sig der opholder. Samt om dets Horizont/Elementer og Veyrlig/ item Om FInderne og Lapperne. Den fyrste gongen me får høyre om diktet, Nordlands Trompet, er i eit rimebrev frå Ole Hansen Nysted. I brevet seier Nysted at han har lese ”halvandet ark” av diktet om Nordland som var skrive av presten på Nesne. Brevet er datert til 13. juli 1678. På denne tida var Petter Dass personellkapellan på Nesne, og ein kan difor vere ganske sikker på at det er Nordlands Trompet det vert referert til. Diktet var ikkje ferdig på denne tida, fordi Nysted ber Petter Dass fortsette på diktet. Dass skriv tilbake til Nysted at han ikkje har nok kunnskap om Nordland enda, men at han aktar å ”sitt Nordlandske Digt at fuldende”. Diktet vart skrive i tida 1675-1696.
Nordlands Trompet
er hovudverket til den kjende barokkdiktaren Petter Dass(1647-1707). Han skildrar den storslåtte naturen og korleis det nordlandske folk lever og bur. I tittelen ligg det ei underbetyding i form av at Nordland er himmelriket og trompeta er englane sine basunar. Det er tydeleg at Petter Dass var ein sterk nordlandspatriot.Det som skil dette diktet frå andre barokkdikt, er at han byrjar diktet med å helse til vanlege folk. Diktet byrjar slik: ”Vær hilset I Nordlands bebyggende Mænd”. Det som karakteriserar dei fleste barokkdikt, er at dei byrjar med ei helsing til ein øvrigheitsperson, som for eksempel ein konge, men oftast gjekk helsinga til Gud. Ein annan forskjell frå Nordlands Trompet og andre barokkdikt, er skildringa av livet på jorda. I barokken vart jorda ofte omtala som ”jammerdalen”, den forferdelege plassen som menneska måtte leve på før dei kom til paradiset i himmelen. Petter Dass derimot beskriv Nordland som himmelriket på jord, og skil seg ut frå den klassiske barokke diktinga.
Nordlands Trompet er skrive som eit dikt, men er over hundre sider langt. Sjølve utgivinga av verket kom ikkje før over tretti år etter Petter Dass døydde. Diktet vart trykt fyrste gong i København i 1739 under namnet Nordlands Trompet og same året i Bergen under namnet Nordlands Beskrivelse og undertittelen Som er Helgelands/Saltens/Lofodens/Vesteraalens/Seniens og Tromsens Fogderier/med dets Beliigende/oc hvorudi enhvers Næring og Brug bestaar, saa og Hvad slags Fugle i Luften og svemmende Dyr i Havet sig der opholder. Samt om dets Horizont/Elementer og Veyrlig/ item Om FInderne og Lapperne.
Den fyrste gongen me får høyre om diktet, Nordlands Trompet, er i eit rimebrev frå Ole Hansen Nysted. I brevet seier Nysted at han har lese ”halvandet ark” av diktet om Nordland som var skrive av presten på Nesne. Brevet er datert til 13. juli 1678. På denne tida var Petter Dass personellkapellan på Nesne, og ein kan difor vere ganske sikker på at det er Nordlands Trompet det vert referert til.
Diktet var ikkje ferdig på denne tida, fordi Nysted ber Petter Dass fortsette på diktet. Dass skriv tilbake til Nysted at han ikkje har nok kunnskap om Nordland enda, men at han aktar å ”sitt Nordlandske Digt at fuldende”. Diktet vart skrive i tida 1675-1696.
TILBAKE
HJEM