200px-Perikles_altes_Museum.jpg
    • Perikles (ca 495 f. kr. - 429 f kr.)

      **Namnet Perikles betyr ”omgitt av ære”.
Perikles var ein grekar, ein framtredande og innflytelsesrik statsmann og general under Athens gullalder, som var mellom Perserkrigen og Peloponneskrigen. Han gjorde det athenske sjøforbundet om til eit athensk rike. Han leidde også sine landsmenn gjennom dei to fyrste åra av Peloponneskrigen. Ca 461 f. kr til 429 f. kr blir rekna som ”Perikles tidsalder” Perikles støtta mykje kunst og kultur, og var ein av grunnane til at Athen blei sett på som utdannings- og kultursenteret i Antikkens Hellas. Han var med på å byggje opp igjen dei overlevande bygningane på Akropolis. Dette gav byen ein mykje vakrare fasade. Han gifta seg med Aspasia cirka 445 f.Kr.
Perikles hadde så stor innflytelse på det Athenske samfunnet, at Tukydid, ein historikar som levde samtidig med han, hylla han som ”Athens fyrste borgar”.
Perikles vart den fyrste valgte strategos, generalen, i 458. Generalane vart valde årleg til å styre og leie fram den nødvendige strategien for å klare statens sakar både innanriks og utanriks. Perikles vant gjenvalet regelmessig i omlag 30 år. I året 429 f. Kr, døydde begge Perikles sønner av ein pest som herja Athen. Perikles døydde av same pesten året 429 f. Kr.
180px-Aspasie_Pio-Clementino_Inv272.jpg
Aspasia

Mynt med Perikles' portrett
180px-Pericles-piece.jpg



TILBAKE
HJEM