Roma


Rome_panorama_sb1-2.jpg


Roma var allereie frå antikken ein svært velutvikla og viktig by i Europa. Byen hadde sin kanskje viktigaste periode som hovudstad i Romarriket, men har også vore viktig etter denne tida. Romarane var nøysame, hadde orden og disiplin, og var generelt opptekne av storslåtte byggverk og prektige statuar og bygningar. I alle fall galdt dette leiarane i Roma og Romarriket, men det må også ha smitta over på innbyggarane.
Byen pregast enda av dei store byggverka som blei bygd under dei forskjellige keisarane i Romarriket. Dette vitnar om den flid som romarane la ned i det dei gjorde, for mange av bygningane frå antikken er framleis godt bevarte.
Moderne system for både vasstilførsel og avløp var godt i gang omtrent på same tid som folk i Noreg budde i jordhytter og bruka primitive bein- og trereiskapar. Sivilisasjonen var komen mykje lenger i Roma og Romarriket, og stadige nyvinningar førte til ei rivande utvikling innanfor fleire delar av samfunnet.
Roma blei utover 1000- og 1500-talet ytterlegare påbygd. Særleg kyrkjer og store katedralar var populære bygningar å byggje, og mange av dei står framleis som staselege monument over ei tid prega av utvikling og ekspansjon. Dei fleste kyrkjene som blei bygd er framleis i bruk; døme er Peterskyrkja og Pantheon. Begge er store katedralar med spesiell arkitektur, typisk for denne tida. Særleg Pantheon utmerkar seg på grunn av forma. Bygningen har éin stor kuppel med eit stort hol i midten, og er enorm når ein kjem på innsida.PANTHENON.jpg
Slike nye påfunn har ein ikkje funne mange andre stader i verda, og det er nettopp dette som kjenneteiknar Roma frå denne tida. Smarte løysingar i stor og liten skala blei bruka, og kanskje var dette rester etter trua på det store og flotte frå stordomstida til Romarriket.
Sentrum i Romarriket var som sagt Roma, og dette blei avgjerande for den utviklinga Roma fekk. Byen hadde ein viktig posisjon den gongen, og blei også framover eit ganske stort midtpunkt i Europa. Til dømes er Roma framleis hovudsete for den katolske kyrkja med paven i spissen, og mange viktige avtalar og forhandlingar har blitt gjort her seinare, eller i det minste blitt oppkalla etter byen. Romatraktaten frå 1957, forløparen til det vi i dag kjenner som EU, er eitt døme.
Roma har altså hatt ein sentral rolle heilt fram til våre dagar. Dette har gjort sitt til at byen i dag har eit rikt innslag av andre nasjonalitetar og kulturar. Hovudstaden i Italia er ein mangfaldig by som har mykje spennande historie å skilte med, og er i dag eit svært populært turistmål.
I dag kan befolkninga nyte godt av det arbeidet romarane la ned for 2000 år sidan, både kulturelt og økonomisk. I Roma kan ein nær sagt ikkje gå ein meter utan å støyte på noko historisk interessant. Anten det er heller på gata, eller store katedralar – byen har eit historisk sus over seg, og det er heilt klart ikkje utan grunn.

Av Gunleiv Sæland, 2STA

TILBAKE TIL ROMERSK ANTIKK
HJEM