Polisstat

Det gamle antikke Hellas var dela inn i små statar, polisar. Polisane skulle ikkje vere større enn at ein kunne gå tvers gjennom polisen på ein dag. Polisane var på mange måtar ein festning, med bymurar rundt byen. Akropolis var den høgaste delen av polisen, dette var staden for betydelege tempel. Her låg og eit forsvarsverk der innbyggjarane kunne søkje tilflukt om dei blei angripne. Nede i polisen låg agora, som var marknadsplassen. Jordbruket blei drive utanfor bymurane. 700. f.Kr. var det små kongar eller høvdingar som sat med makta. Etter kvart gjekk det over til at dei rikaste stormennane styrte, når det er dei beste i samfunnet som styrer, snakkar me om eit aristokrati. Når fleire av borgarane kom med i krigføringa, blei dei og med i politikken og fekk større innverknad. Dermed blei aristokratiet utfordra av bønder og kjøpmenn. Men det var framleis mogleg at ein leiar sat med makta, når det var ein som styrte, var dette ein tyrann. Den greske tyranntida, var på 500-talet f.Kr. Polisane bestod av borgarane. Borgarane var menn som var gamle nok til å vere med i krig. Innflyttarar var ikkje borgarar. Polisen ein borgar budde i var identiteten til borgaren, sjølv om ein flytta ut av ein polis var denne polisen framleis ein del av identiteten. Men sjølv om inflyttarane ikkje var borgarar, kunne dei på same vis som borgarane ha slavar. Den generelle styringa bestod av eit råd, representantane frå dei mektigaste slektene, folkeforsamlinga, der alle borgarane kunne sitje, valde ut embetsmenn. Dei viktigaste polisane var Athen og Sparta. Desse var svært mektige og veldig ulike, dei var og stadig i krig med kvarandre. Athen innførte demokrati, direkte demokrati. Athen danna eit sjøforbund som samla svært mange av polisane rundt middelhavet. Polisane i dette sjøforbundet, kunne styre sjølvstendig. Sparta derimot var eit erobringsrike, det la under seg andre polisar og innførte sin eigen kultur og styremåte der. Sparta var ein svært militaristisk stat.
TILBAKE
HJEM